© 2020 by Maria Nesse Haugen

Search
  • Maria Haugen

When in Paris


Just add three letters to Paris and you have paradise. -Jules Renard

Paris er så mangt. For meg vart det å vere vitne til eit frieri på toppen av Eiffeltårnet like etter at sola hadde gått ned. Å komme ned att på bakken akkurat tidsnok til å sjå lysa skru seg på i tårnet, og høyre det kollektive gispet frå folkemengda som var samla under. Det var å ete ekte fransk frukost på Place du Trocadero – av typen der du må ta det umoglege valet mellom croissant og sjokoladebrioche, og ørten typar syltetøy. Å ta toget til Versailles for å sjå palasset, men ende opp med å forelske seg i byen i staden. Å ete crêpes ved Seinen. Å endeleg få sjå den ikoniske glaspyramiden utanfor Louvre. Å tilbakelegge 80 000 steg på tre døgn, og få oppleve all magien som ligg gatelangs i denne byen. Å rekke ein siste frukost på Holybelly før heimreise ein måndags morgon.


Paris var årets bursdagsgave til meg sjølv. I’ll be back.